Nina Fjeldet: Ômvesla

Om arrangementet

Ein forteljarkonsert om å satse, om å reise, og om å bli.

Nina Fjeldet er ei kvinne i sin beste alder. Saman med fela reiser ho gjennom livet og møter folk og historier langs vegen. I forteljarkonserten «Ômvesla» tek ho publikum med på ei reise frå Gudbrandsdalen til Indre Troms, via Palmehaven i Trondheim, konsentrasjonsleiren Auschwitz, og langs landevegen med romanifolket. På vegen møtes fridom og forfølgelse, framskritt og fattigdom, felespel og forteljarglede. Og som ein raud tråd står folket midt i verda og gjer så godt dei kan. Ômvesla er ei sterk og gripande førestilling der Nina Fjeldet fletter saman fleire historier, og bind det heile saman med godt felespel. Vi får høre historier om verkelege folk og hendingar frå langt tilbake i tid, samtidig som ho får knytt dei til si eige historie, og det samfunnet vi lever i i dag. Nina har arbeidd i folkemusikken- og folkedansens teneste i to tiår, dei siste 10 åra med base i Målselv. Ho formidlar gjerne til barn og unge, elskar å spele til dans, har turnert med dansekompaniet Kartellet, familieframsyninga «Danse, sa fela!», «Landslaget for spelemenn» og meir. Ômvesla er hennas fyrste soloforestilling. Nina Fjeldet Fele og forteljing Tekst og musikk: Nina Fjeldet Tekstleg rettleiing: Liv Gulbrandsen Regi: Silje O. Hålien Ômvesla er produsert av Riksscenen, med støtta frå Norsk Kulturråd. Det er Folkemusikk Nord, Scene Nord sin folkemusikkavdeling i Målselv, som sender Nina og Ômvesla på turné i Troms i 2026.